Velkomen til dei nye nettsidene våre!
I dag lanserer vi endelig vår nye nettside. I fleire månadar har vi planlagt, designa og jobba for å skape ei meir brukarvenleg oppleving for våre lånarar. Ny utsjånad, meir innhald og enklare tilgang til våre tenester er noko av det vi håpar gir nytte for alle som besøker biblioteket digitalt.
På sida finn du oversyn over våre tenester, og du kan til dømes søke fram materiale frå samlingar hos oss eller frå andre bibliotek i Noreg frå søkefeltet på framsida. Under fana “Tilbod og aktivitetar” finn du både tilbod i biblioteket og digitale tenester. Her kan du mellom anna finne korleis du kan låne e-bøker og e-lydbøker, eller få tilgang til digitale aviser og tidsskrift.
Du kan også halde oversyn over og administrere dine eigne lån under “Mine sider”.
Lånereglar og korleis bli lånar finn du under fana “Bruk biblioteket”.
Under vignetten “Arrangement” på framsida finn du komande arrangement både i Selje og på Nordfjordeid. Under “Finn noko å låne” finn du boktips. På framsida publiserer vi aktuelle saker under vignetten “Aktuelt”.
Du finn sjølvsagt opningstider og kontaktinformasjon på framsida, og meir informasjon om biblioteket under “Om”.
Ynskjer du informasjon om våre tenester til skular og barnehagar, finn du dette under “Tilbod og aktivitetar”. Vi har også ein innførsel som gjeld Eid vidaregåande skule på framsida.
Har du tilbakemelding på vår nye nettside, send oss gjerne ris eller ros på e-post til biblioteket.eid@stad.kommune.no, eller snakk med oss i biblioteket.
Vi håpar de finn dykk godt til rette på vår nye nettside!