Lånereglement

1. Barn frå fyrste til og med sjuande klasse får lånekort dersom dei har løyve frå foreldre/føresette. Vaksne og ungdom frå og med åttande klasse får lånekort mot å vise legitimasjon.

2. Lånarane kan få nasjonalt lånekort dersom dei oppgjev fullt personnummer. Dei får i tillegg PIN-kode frå biblioteket. Personnummeret vert ikkje synleg for bibliotekpersonalet.

3. Lånekortet må visast fram ved lån. Adresseendring må alltid meldast til biblioteket.

4. Utlånstida for bøker, lydbøker, musikk og tidsskrift er 1 månad. For DVD er lånetida 1 veke. Lånet kan fornyast dersom materialet ikkje er på venteliste.

5. Utlånt materiale kan reserverast dersom lånaren ynskjer det.

6. Det er gratis å låne. Biblioteket tek ikkje purregebyr, men lånaren må betale erstatning ved øydelagt eller bortkome materiale etter desse satsane:
•    Bortkome/øydelagt materiale for vaksne: kr. 340,-
•    Bortkome/øydelagt materiale for barn: kr. 170,-
Bortkome/øydelagt materiale som er lånt inn frå anna bibliotek må erstattast etter eigarbiblioteket sine satsar.

7. For læremiddel gjeld eigne lånetider og erstatningsreglar.

8. Lånaren er ansvarleg for all skade på materiale som er lånt på vedkomande sitt lånekort. Foreldre/føresette er ansvarleg for barna sine lån.

9. Lån til skuleklassar skal ha ein lærar som ansvarleg for materialet.

10. Alt materiale må handsamast forsiktig. Kopiering, utleige og offentleg framsyning er forbode.