Eid vidaregåande skule

Elevar ved Eid vidaregåande skule låner alle læremiddel gratis på biblioteket. Læremidla skal leverast attende ved skulårets slutt, slik som fastsett av skulen. Læremiddel som ikkje vert levert attende, eller som er øydelagde, må det betalast erstatning for.

For elevar og studentar over 16 år, har vi tilbod om meirope som gjev tilgang til biblioteket frå kl. 09.00 – 23.00 alle dagar. Ta kontakt med biblioteket for avtale

Elevane kan kopiere og skrive ut gratis på biblioteket. Dei kan nytte grupperom og stille lesesal.

Vi har ei samling med skulefilm/dvd. Vi har også ei samling av klassesett på norsk og engelsk, samt ordbøker og ei samling av eldre lærebøker. Desse samlingane er til bruk for elevar og lærarar ved skulen.

Lærar ved skulen bestiller alle læremiddel til bruk i undervisninga og til eige studium via biblioteket.

Lenger ned på denne sida, finn du boklister i pdf-format for skuleåret 2022/23, slik at du kan skrive ut det du treng.

Pensumlister studieførebuande program

Pensumlister yrkesfagleg utdanningsprogram