Dagsturhytter med turbibliotek

I Stad kommune har vi tre dagsturhytter – Sjøglytt i Selje, Havglimt på Stadlandet og Naustdalskamben på Nordfjordeid. I alle hyttene finst det eit utval nynorske barne- og ungdomsbøker, samt nokre lokalt forankra bøker til hygge og nytte. Det er Stad bibliotek som har ansvaret for ettersyn og vedlikehald av boksamlinga. Om nokon skulle få lyst å gje bøker i gåve til hyttene, må de ta kontakt med biblioteket før plassering. 

På Vestland fylke sine nettsider kan du finne meir informasjon om dagsturhyttene

Foto av bokhyller i dagsturhytta Sjøglytt

Sjøglytt

Dagsturhytta Sjøglytt i Selje ligg på Risnakken, lett tilgjengeleg for dei fleste, og som eit fint utkikspunkt mot klosterøya Selja og mot Stadhavet.

Naustdalskamben

Dagsturhytta på Naustdalskamben ligg litt høgare over havet og har eit mektig utsyn over Eidsfjorden og til ytre delar av Nordfjorden.

Logo for dagsturhytta Havglimt

Havglimt

Dagsturhytta Havglimt ligg på Stadlandet og gjev deg ei fantastisk utsikt mot det ville og vakre Stadhavet..