Digitale tenester

En mobiltelefon med BookBites-appen open.

Biblioteka i Vestland nyttar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Du finn BookBites-appen i Google Play og Apple Store.

Foto av digitale hjelpemiddel, med lenke til ei informasjonsside om det digitale avis- og tidsskrifttilbodet biblioteket har.

Gjennom Pressreader gir biblioteket deg tilgang til fleire tusen aviser og tidsskrift på meir enn 60 språk. Dersom du er på biblioteket sitt nett får du automatisk tilgang når du er i biblioteket. Du kan også logge deg på heimefrå via websøket vårt.

På Filmbib kan du strøyme kortfilmar og dokumentarfilmar heilt gratis med nasjonalt lånekort. Tilgang: Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. Om du manglar lånekort eller PIN-kode, eller har problem med innlogginga, må du ta kontakt med biblioteket.

No kan du bruke lånekortet ditt til å låne filmar frå biblioteka si filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for både barn, ungdom, familier, vaksne og seniorar. For å få tilgang må du ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Kontakt oss dersom du mangler lånekort, så ordner vi det!

Mann låner bok via Verdensbiblioteket

Les og lytt på ditt eige språk! På Verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på dei store innvandringsspråka som vert snakka i Skandinavia. Stadig nye språk vert lagt til. Opprett brukarkonto med e-postadressa di. Deretter kan du logge inn for å lese og lytte – heilt gratis. (Du må fysisk opphalde deg i Noreg (eller Sverige) for å kunne bruke Verdensbiblioteket.)

Logo av Norsk lyd- og blindeksriftsbibliotek og foto av mann og barn som lytter på bøker med hodetelefoner, med lenke til nlb.no

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit offentleg bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker. Tilbodet er for alle som strevar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sjukdom.

Det flerspråklige bibliotek sin logo, med eit banner der det står Lån bøker, film og språkkurs.

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit ressursbibliotek for andre bibliotek. Som privatperson har du tilgang til samlingane deira via ditt lokale bibliotek. Vi kan bestille bestemte titler til deg eller bokpakker på språk du er interessert i. Om du har eit nasjonalt lånekort kan du bestille materiale hos DFB og få det sendt hit. Spør oss om du treng hjelp.