Utstilte barnebøker i biblioteket

Tilbod til barnehage og skule

Både barnehagar og skular er velkomne til å besøke oss i opningstida på biblioteket.

Gjer avtale med hovudbiblioteket på Nordfjordeid på tlf 91858980 eller send e-post til biblioteket.eid@stad.kommune.no
Gjer avtale med avdeling Selje, ring 97990406 eller send e-post til biblioteket.selje@stad.kommune.no

Desse tenestene tilbyr vi til barnehagar:

  • Aktivitetar som høgtlesing, teikning, lego, puslespel og andre spel
  • Boktips, feks etter alder, tema, språk (nynorsk)
  • Bokkassar etter same kriterier, der bibliotektilsette plukkar ut bøker
  • Utstillingar i biblioteket, f.eks. «Gruffalo»

Skular:

  • «Bli kjent»-runde i biblioteket
  • Boktips, f.eks. etter alder, tema, språk (nynorsk)
  • Bokkassar etter same kriterier til bruk i leseprosjekt, i undervisning eller til klassebibliotek, der lærar eller bibliotektilsette plukkar ut bøkene
  • Forfattarbesøk der klassar eller grupper av elevar blir invitert
  • Utstillingar, f.eks. «Kystgeita»
  • Sommarles. Nasjonal lesekampanje for dei frå 1.-7. klasse i perioden 1. juni til 31. august. Alle som deltek registrerer seg på sommarles.no
  • Klassesett. Bibliotekutvikling Vestland låner ut klassesett frå samlinga i Førde til skulane i fylket. Meir om lånereglar og bestilling av klassesett på vlfk.no