Da vi var yngre
- Forfattar:
- Oliver Lovrenski
Ein knyttneve av ein debutroman!
Oliver Lovrenski skriv varmt og nært, sterkt og sårt om oppvekst og ungdomstid i Oslo, i ein brokete gutegjeng som har kvarandre som næraste familie. Vi følgjer dei fem gutane gjennom kvardag, skule, oppturar og nedturar – og rus, sorg og vanskelege familieforhold.
Kapitla er korte, skrive i eit munnleg språk prega av gutane sitt munnlege språk, men er overraskande velformulert og elegant skrive, med sanningar og løgner vi alle kan kjenne oss att i.
Dette er ein debut å få med seg!
Bokanbefalinga er skriven av Janne Mari – Stad bibliotek