Bokomslaget til romanen Fars rygg av Niels Fredrik Dahl.

Fars rygg

Niels Fredrik Dahl skriv vakkert, sårt og lengtande om sin eigen barndom og foreldra sitt liv. Eg-forteljaren vekslar mellom å ha sitt eige perspektiv og faren sitt perspektiv. Faren var advokat i Egypt, og eg-forteljaren vaks opp på ulike internatskular i Europa. Vi får fortalt ei historie der vi ikkje heilt veit kva som er sanning, kva som er minner eller kva som er dikta opp for å få minna til å passe saman. Dette er ei sår og øm oppvekstskildring, sterkt prega av ein ung gut som saknar foreldra og det felles familielivet. Romanen er nominert til Nordisk råds litteraturpris 2024.

Boka er anbefalt av Janne Mari – hovudbibliotek Nordfjordeid