Alt om lån

Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå folkebiblioteka. Dei som ønskjer å låne frå biblioteka våre må ha eit gyldig lånekort. (Den oppgraderte versjonen av nasjonalt lånekort heiter Bibliotekkortet; lånekort og bibliotekkort er altså det same.) Ta alltid med lånekortet når du skal på biblioteket.

Lån blant ei mengd bøker, e-bøker, lydbøker og filmar – heilt gratis. Alt du treng er eit bibliotekkort! Ta det alltid med deg når du skal på biblioteket.

Vi tek også imot klassebesøk og barnehagegrupper, du kan låne grupperom, møterom eller bruke lesesalen vår.

Bilde av Bibliotekkortet som har eit blått landskapsbilde som bakgrunn, og kvit skrift.

Bli lånar

Møt opp på biblioteket for å registrere deg som lånar, eller registrer deg som lånar på https://bibliotekkortet.no/ og hent lånekortet på biblioteket. Hugs å ta med gyldig legitimasjon! Kortet kan nyttast på alle biblioteka i Noreg eller til å logge inn på dei ulike digitale bibliotektenestene våre.

Finn det du vil låne

Søk i samlingane til biblioteket!

På nettstaden vår finn du også lesetips og anna stoff som kan hjelpe deg å finne den rette boka.

Lån frå andre bibliotek

Har vi ikkje det du leitar etter? Prøv Biblioteksøk – alle landets bibliotek i eitt søk! Lån frå andre og hent på ditt lokale bibliotek.

For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine lånefristar, reglar og satsar for erstatning. Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materiellet kjem, men det kan også ta lengre tid.

Om du treng hjelp, kan vi bestille for deg, eller vise deg korleis du kan bestille sjølv.

Mine sider

Logg inn med lånenummer og pinkode. Lånenummer står på lånekortet. Ta kontakt med oss om du manglar pin-kode.

På Mine sider kan du sjå låna og bestillingane dine, søkje og bestille frå biblioteket si samling, forlenge låna dine eller setje deg på venteliste på bøker som er utlånt.