Lån møterom

Vi har møterom du kan låne gratis. For å låne møterom må du kontakte oss for å gjere avtale. Møteromma kan reserverast på dagstid og kveldstid, også utanom ordinær opningstid. 

Nordfjordeid

Ei dame sit og jobbar ved ein laptop i biblioteket.

Reserver møterom på tlf 918 58 980
eller send e-post til 
biblioteket.eid@stad.kommune.no

  • Møterommet er lokalisert i lokalsamlinga i biblioteket og har kapasitet for inntil 10 personar.
  • Rommet har trådlaust internett og straumuttak. Projektor og lerret kan riggast etter avtale.
  • Held du møte her i opningstidene til biblioteket, må du vere merksam på at rommet må vere tilgjengeleg for publikum som treng å nytte lokalsamlinga vår.
  • Møter på kveldstid krev at du teiknar meirope-avtale. Ta kontakt med oss for å gjere dette.

Selje

Møterom til låns på Stad bibliotek avd. Selje

Reserver møterom på tlf 979 90 406
eller send e-post til 
biblioteket.selje@stad.kommune.no

På bibliotekavdelinga i Selje er det to møterom tilgjengeleg i 1. etasje i innbyggjartorget på kommunehuset.

  • «Bukketjuvane lite møterom» med kapasitet for inntil 6 personar.
  • «Bukketjuvane stort møterom» med kapasitet for inntil 10 personar.
  • Romma kan slåast saman og gjev då plass for inntil 15-20 personar.
  • Møteromma har trådlaust internett og er utstyrte med store skjermar og teknisk utstyr for digitale møter.