Bruk biblioteket
Biblioteket er ditt. Bruk det!
Biblioteket er meir enn bøker! Vi tar imot klassebesøk og barnehagegrupper, arrangerer forfattarsamtaler, språkafé og seniortreff og mykje meir.
Grupperomma våre kan lånast, og du kan ta kontakt om du vil bestille billettar til forestillingar på Operahuset Nordfjord.
Lån blant ei mengd bøker, e-bøker, lydbøker og filmar – heilt gratis. Alt du treng er eit bibliotekkort!
Nedanfor har vi samla svar på spørsmål som vi ofte får. Du kan også finne kontaktoplysningar om du vil ringe eller skrive til oss.

Bli lånar
Møt opp på biblioteket for å registrere deg som lånar. ELLER registrer deg som lånar på nett og hent lånekortet på biblioteket. Hugs å ta med gyldig legitimasjon! Du kan få nasjonalt lånekort som kan nyttast i alle biblioteka i Noreg eller til å logge inn på ulike digitale bibliotektenester.

Finn det du vil låne
Søk i samlinga til biblioteket Har vi det ikkje? Prøv Biblioteksøk. Alle landets bibliotek i eitt søk. Lån frå andre og hent på ditt lokale bibliotek. På nettstaden vår finn du også lesetips og anna stoff som kan hjelpe deg å finne den rette (boka).

Mine sider
Logg inn med lånenummer og pinkode. Lånenummer står på lånekortet. Manglar du pinkode, kan du få tilsendt på e-postadressa som du oppgav då du registrerte deg som ny lånar. På Mine sider kan du sjå låna og bestillingane dine, søke og bestille frå biblioteket si samling og forlenge lån eller setje deg på venteliste.