Tilbod og aktivitetar
På Stad bibliotek kan du låne bøker, lydbøker, filmar og tidsskrift. Dersom vi ikkje har det du ynskjer å låne, skaffar vi det til deg. Du kan og lese aviser og bruke PC med mogelegheit for å skrive ut.
Vi har stille lesesal og sitteplassar rundt om i lokala. I lokalsamlinga finn du litteratur frå eigen kommune og om kommunane rundt.
Vi inviterer til ulike arrangement gjennom året, som familiedagar, språkkaféar, utstillingar og forfattartreff, som alltid er gratis for deg. Følg med på nettstaden vår, eller på våre Facebooksider!
Les meir om kva vi kan tilby ….