Digitale tenester

Lån ebøker og digitale lydbøker

Lån ebøker og digitale lydbøker

Lån lydbøker og e-bøker gratis med bibliotekskortet ditt! I løpet av mai 2026 blir den gamle BookBites-appen erstatta av Biblio. Last ned den nye appen i appen i Google play eller App Store idag og kom i gang!

PressReader-banner

Les aviser og tidsskrift digitalt

Gjennom Pressreader gir biblioteket deg tilgang til fleire tusen aviser og tidsskrift på meir enn 60 språk. Dersom du er på biblioteket sitt nett får du automatisk tilgang når du er i biblioteket, og 3 dagars tilgang heime.

Banner med to barn som ser film på ein skjerm under eit teppe, og teksten: Sjå film på nettet. Den nye måten å låne film frå biblioteket - fritt tilgjengeleg med nasjonalt lånekort.

Filmoteket

No kan du bruke lånekortet ditt til å låne filmar frå biblioteka si filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for både barn, ungdom, familier, vaksne og seniorar. For å få tilgang må du ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Kontakt oss dersom du mangler lånekort, så ordner vi det!

Filmbib-banner

Filmbib

På Filmbib kan du strøyme kortfilmar og dokumentarfilmar heilt gratis med nasjonalt lånekort. Tilgang: Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. Om du manglar lånekort eller PIN-kode, eller har problem med innlogginga, må du ta kontakt med biblioteket.

Ein vaksen og eit barn som deler ei leseoppleving på skjerm. Foto.

Verdensbiblioteket

Les og lytt på ditt eige språk! På Verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på dei store innvandringsspråka som vert snakka i Skandinavia. Stadig nye språk vert lagt til. Opprett brukarkonto med e-postadressa di. Deretter kan du logge inn for å lese og lytte – heilt gratis. (Du må fysisk opphalde deg i Noreg (eller Sverige) for å kunne bruke Verdensbiblioteket.)

Tibi-logo. Illustrasjon

Tibi

Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur

Tibi (tidligare NLB) er biblioteket for deg som har vanskar med å lese vanlege bøker (visuell tekst) på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom. Vi lagar og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift.

Det flerspråklige bibliotek sin logo, med eit banner der det står Lån bøker, film og språkkurs.

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit ressursbibliotek for andre bibliotek. Som privatperson har du tilgang til samlingane deira via ditt lokale bibliotek. Vi kan bestille bestemte titler til deg eller bokpakker på språk du er interessert i. Om du har eit nasjonalt lånekort kan du bestille materiale hos DFB og få det sendt hit. Spør oss om du treng hjelp.