Velkomne til lesestund!

Laurdag 4. november inviterer vi til lesestund med “Snøsystera”!

Alle er hjarteleg velkomne til gratis lesestund for borna!

Kari Standal Pavelich les frå boka Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato, fortel om familieoperaen Snøsystera som er basert på boka, og vi får også høyre litt om kva opera faktisk er! Opera Nordfjord har 1., 2. og 3. desember noregspremiere på den vakre, litt triste, men veldig hjartevarme familieoperaen, basert på boka til Maja Lunde!

Ta med borna og bli meir kjende med den rørande forteljinga om Julian og Hedvig! Du kan sjølvsagt bla i og låne Maja Lunde-bøkene vi har, eller kose deg med alt det andre kjekke vi har å tilby på biblioteket! Og du kan kjøpe billettar til ei av dei fire Snøsystera-framsyningane første helga i desember, viss du ynskjer det.

Ikkje nok med det: Den store kinodagen går av stabelen denne dagen på Stad kino! Sjølvaste Jul i Skomakargata-filmen har førpremiere og kan sjåast før eller etter lesestunda; kl. 12.15 og 15.00. Billettar til kinofilmane finn du på Operahuset sine heimesider. Kinokiosken er sjølvsagt open.

Hjarteleg velkomne til ei triveleg lesestund med operasjefen!

Trykk gjerne skal på Facebook- arrangementet vårt!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Opera NordfjordOperahuset NordfjordStad bibliotek og Stad kino.