
Frøbibliotek
Våren 2025 startar vi opp frøbibliotek på hovudbibliotek Nordfjordeid! Tilbodet er eit samarbeid med Grøn Integrering, som mellom anna jobbar med skulehagar og integrering gjennom dyrking, kortreist mat og bærekraft.
Kva er eit frøbibliotek?
Eit frøbibliotek er eit gratis tilbod til alle hobbygartnarar! Uansett om du har ei potte i vinduskarmen, pallekarmar på terrassen eller ein åkerlapp i hjørnet av hagen, kan du kome til biblioteket og «låne» deg frø av det du har lyst å dyrke. Vi vil gjerne at du prøver å hauste frø frå plantane du får opp og levere dei tilbake på biblioteket i løpet av sesongen, slik at andre kan låne dine frø sesongen etterpå. Utvalet av frøtypar vil variere gjennom sesongen, så stikk innom oss for å sjå kva vi har no!
Korleis låner du frø?
Du plukkar ut dei pakkane med frø du vil låne, og skriv ned lånekortnummeret ditt, kor mange frøposar du har lånt og kva type frø som er i dei. Det ligg ei bok på frøbiblioteket der du noterer dette. Merk at du ikkje skal skrive namnet ditt, kun lånenummeret.
Kva frø kan du låne?
Utvalet frø du kan låne, vil avhenge av kva frø vi får levert inn til frøbiblioteket. Dette vil variere i løpet av sesongen. Frøa ligg i små, merka enkeltpakningar med alt frå 2-10 frø i kvar pakke, så det vil vere enkelt å sjå kva som er tilgjengeleg når du kjem for å låne.
Kor mange frø kan du låne?
I utgangspunktet kan du låne så mange frø som du vil, men hugs at det er fleire enn deg som gjerne vil ha frø! Vi ynskjer difor at du ikkje lånar med deg meir enn 5 enkeltpakkar med frø samtidig. I periodar vi denne grensa vere endå lågare. Sjå oppdatert informasjon på frøbiblioteket!
Kva slags frø kan du levere inn på biblioteket?
Du kan levere inn frø frå dei plantane du har dyrka eller andre plantar du har heime, men det er viktig at plantane er sådde av godkjende frø. Du kan til dømes ikkje ta frå frå ein grønsak kjøpt i butikken og plante desse, og så levere frø til biblioteket av denne planten. Dette er fordi frukt og grønsaker frå butikkane kan ha utanlandsk opphav og kan bære med seg smittesporar som er farlege for vår jord og mold. Du må også vere ekstra oppmerksam på at du ikkje blandar ulike frø i same pakningar. Frøpakningar der vi er usikre på innhaldet, pakningar som inneheld blanding av ulike frø eller forbodslista frø kjem vi til å kassere.
Korleis haustar du frø?
Nokon plantar er lettare å ta frø av enn andre. Vent til planten har blomstra av eller er overmoden, mange frø får då ein brunleg farge. Ta gjerne av heile frukta eller frøstanden og la det ligge til tørk i t.d. ein vindaugskarm nokon veker. Pirk av frøa, reinsk ut rusk og anna organisk materiale og la frøa tørke på t.d. avispapir til dei er blitt heilt tørre. Pakk dei i tørre kaffifilter og forsegle med maskeringstape. Oppbevar dei tørt, men også gjerne mørkt og kjølig.
Korleis leverer du frø?
Frøa skal leverast ferdig sortert, du kan legge dei i eit kaffifilter eller brette ein liten pose av avispapir. Det er viktig at du merkar posen med namn på planten, gjerne også latinsk navn om du veit dette, og årstalet du har hausta frøa. Frøpakkar kan leverast i skranken på biblioteket i opningstidene våre.
