Barn og ungdom er flittige lånarar hos Stad bibliotek! Kva las våre unge håpefulle i 2023?
Vi kan slå fast at både humor og spenning fangar dei yngre lesarane, og ikkje minst stiller grafiske romanar – som mange kanskje vil kalle teikneseriebøker – sterkt!
Artige fakta:
- Detektivbyrå nr. 2- bøkene av Jørn Lier Horst er veldig populære! Heile fire titlar i denne serien har fått plass på topp 15-lista, inkl. plass nummer 1!
- Det same er dei grafiske romanane i Nordlys-serien av norske Malin Falch, som okkuperer plass nummer 2, 3 og 5.
- Fleire toppnoteringar kan også En pingles dagbok- serien notere seg for, dette er også grafiske romanar som kombinerer teikningar, tekst – og ikkje minst humor!
- For dei yngste går Gruffalo aldri av moten, stadig nye generasjonar born finn glede i dette sjarmerande monsteret. To titlar kom med på årets toppliste.
- Anna Folkestad er også representert med ei bok i serien om Besta og Bo, nemleg den humoristiske Tanntrøbbel.