Landslovsjubileet 2024

Lova som endra Noreg feirar 750 år i år!

I 1274 samla kong Magnus VI heile kongeriket under ei felles lov. Lova var gjeldande i over 400 år, og utgjer på mange måtar grunnlaget for den norske rettstaten og demokratiet vårt. Arbeidet var banebrytande, og kong Magnus fekk tilnamnet Lagabøte – lovforbetraren – etter sin død.

Jubileet skal markerast gjennom heile 2024 på ulike måtar, og det er Nasjonalbiblioteket som står for den offisielle markeringa. Torsdag 1. februar blir det festopning på Nasjonalbiblioteket, og dette arrangementet blir strøyma på både Nasjonalbiblioteket sine heimesider og Facebookside.

heimesidene for landslovjubileet kan du lese meir om både Magnus Lagabøte, landslova og om verknadane den fekk. Landslova kjem også i ny utgåve, både i ei flott utsmykka og illustrert oppgåve som du kan lese digitalt her. Den kjem også i ei enklare bokmålsutgåve med ordforklaringar.