Vi byter datasystem!

Stad bibliotek skal over til eit nytt datasystem. Vi gler oss veldig til å få eit nytt system på plass, men i april påverkar dette bytet deg på to måtar:

1) Biblioteka held stengt 29. april – 4. mai – NB! MERK NYE DATOAR!
Biblioteka er fysisk stengde, og i denne perioden kan du ikkje låne bøker. Du kan levere inn bøker du har lånt i innleveringskassene våre.
For biblioteket på Nordfjordeid betyr dette at Meirope bibliotek også er stengt.
NB! Stengingsperioden kan bli forlenga ved behov.

2) Fjernlånet er stengt 10. april – 5. mai
Dette betyr at du ikkje kan fjernlåne bøker gjennom oss, eller bestille bøker gjennom Norgeslån til henting hos oss, i denne perioden.

Har du spørsmål? Ta kontakt, så løyser vi det!