Biblioteka er opne!

Vi har opna dørene att etter å ha installert nytt datasystem, men alt er ikkje heilt på plass endå. Vi jobbar så raskt vi kan med “barnesjukdomane” og er glade for alle tilbakemeldingar vi får frå deg som lånar!

Her får du oversikt over korleis statusen er:

  • Vi vil veldig gjerne kommunisere med deg på e-post frå no av! Det vil seie at vi ynskjer å sende deg hentemeldingar, purringar og påminningar via e-post heller enn SMS. Er du usikker på om vi har epost-adressa di? Ingen fare – snakk med oss neste gong du er innom! Vi kjem også til å spørje deg.
  • Søkefunksjonen på heimesidene våre er litt ustabil! Akkurat no får du treff i Nordfjordeid sin bokbase om du søkjer i linja øverst på framsida. Vil du søkje i Selje sin bokbase, finn du ein link i botnen på framsida. Husk også at du alltid kan spørje oss om du lurer på om vi har bøker inne på hylla.
  • Meirope på Nordfjordeid er oppe og går som vanleg. Bruk utlånsautomaten når du skal låne ut til deg sjølv – nye instruksar står saman med skjermen.
  • Det kan vere du får mange og rare SMS-ar og epostar frå oss, med både purringar og erstatningskrav. IKKJE FÅ PANIKK! 😀 Gje oss heller beskjed om kva vi du har motteke, så får vi retta opp i det.
  • Saknar du linken til PressReader via Mine Sider? Vi også! Vi jobbar med å få på plass dette. Treng du tilgang til PressReader via nettsider i mellomtida, så send oss ein epost på biblioteket.eid@stad.bibliotek.no så ordnar vi det.

Lurer du på noko anna? Send oss ein epost på biblioteket.eid@stad.bibliotek.no eller ring oss på 918 58 980, så finn vi ut av det.