No er sommarles slutt for i år, og vi inviterer til markeringar både på Nordfjordeid og i Selje!
Sommarles er ein nasjonal digital lesekampanje for born i alderen 6-13 år. Alle som vil kan opprette seg ein gratis profil på Sommerles.no og registere alt ein les, høyrer eller blir lest opp for, og samle poeng, trofe og løyse oppgåver. Fine premiar ventar på norske bibliotek for dei lesarane som år eit visst antal sider.
I år har vi hatt rekordmange 314 deltakarar i Sommarles, noko som utgjer 37% av alle born i Stad kommune i alderen 6-13 år! Desse 314 deltakarane har til saman lese vanvittige 384 202 sider fordelt på 3 981 bøker! Det er heilt spinnvilt mykje, og gratulerer til ALLE deltakarar med superbra innsats!
Begge biblioteka inviterer til ei lita Sommarles-markering for dei som har delteke.
Biblioteket på Nordfjordeid inviterer til samling laurdag 21. september i opningstidene 11.00 – 14.00. Det blir enkel servering, ein liten tippekonkurranse der du kan vinne fine premiar, utdeling av diplomar til dei som vil ha, og sjølvsagt kan du låne deg fleire kjekke bøker! Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet!
Biblioteket i Selje inviterer til samling tysdag 24. september frå 14:00 – 18:30. Det blir enkel servering, utdeling av Sommarles-effektar, trekking av fine premiar, diplomar til dei som vil ha, og spel- og aktivitetsbord. Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet!