Opningstider jula 2024

Biblioteka tek litt juleferie, men ikkje heilt! Her får du oversikt over opningstidene våre i jula 2024.

Nordfjordeid:
Siste opningsdag før jul er fredag 20. desember. I romjula har vi ope:
3. juledag 11:00 – 14:00
6. juledag 11:00 – 14:00
Fyrste opningsdag etter nyttår er måndag 6. januar

Selje:
Siste opningsdag før jul er måndag 23. desember.
I romjula held vi stengt.
Fyrste opningsdag etter nyttår er måndag 6. januar

Men husk at Mine sider har alltid ope! Logg deg inn med lånekortnummeret ditt og pin-kode og få oversikt over låna dine, og forleng dei bøkene du vil ha lenger.

Og du – får du purring frå oss medan vi har stengt – ikkje få panikk! Lever boka etter nyttår, det går bra!