Ubemanna bibliotek

Frå tysdag 4. mars og ein periode framover blir det ubemanna bibliotek i Selje på tysdagar frå 15.30 til 18.30.

Kva betyr ubemanna bibliotek?
– Det er ikkje tilsette på jobb, men biblioteket er ope fram til 18.30 som vanleg.
– Husk å ta med deg lånekortet ditt, slik at du kan låne ut til deg sjølv på utlåns-pc’en.
– Skal du levere inn bøker? Legg dei i kassa på utsida av hovudinngangen.

Finn du ikkje lånekortet ditt? Ingen problem, stikk innom oss og få deg eit nytt!

Lurer du på korleis du låner ut til deg sjølv på utlåns-pc’en? Ingen problem, spør oss så viser vi det til deg på 1-2-3!