Ved nyttår gjekk vår kjære barnebibliotekar Eli på Nordfjordeid av med pensjon, og no er vi på jakt etter hennar etterfølgjar!
Vi er på jakt etter ein engasjert bibliotekar som brenn for formidling til barn og unge, og som kan vere med å skape leselyst og leseglede for alle born i Stad kommune! Kjenner du ein bibliotekar som denne beskrivinga passar på, og som ynskjer seg til Nordfjord? Eller kanskje er det du sjølv som er rette personen for denne stillinga?
Tips ein ven, eller send inn ein søknad sjølv! Du finn alle detaljar i stillingsutlysinga, og der ligg også link til elektronisk søknadsskjema. Søknadsfristen er 6. april.