Vi nærmar oss sommar og skuleferie med stormskritt! Her er oversikt over opningstidene på dei ulike biblioteka våre denne sommaren.
Nordfjordeid
Frå og med måndag 23. juni har vi ope tre dagar i veka:
- Tysdag 10:00 – 15:00
- Onsdag 10:00 – 15:00
- Torsdag 12:00 – 17:00
Merk: i vekene 29 og 30 held vi stengt! (14. – 27. juli). I desse vekene er det heller ikkje mogleg å bestille og få levert fjernlån frå andre bibliotek.
Ordinære opningstider att frå måndag 18. august.
Har du Meirope-tilgang kan du bruke biblioteket gjennom heile sommaren. Ynskjer du Meirope-tilgang? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg!
Selje
Biblioteket i Selje har ikkje endra opningstider, og held ope måndag – fredag 09:00 – 15:30 gjennom heile skuleferien.
Stadlandet
Filialen på Stadlandet følgjer skuleåret, og held difor stengt gjennom sommarferien.
- Siste opningsdag før sommaren er onsdag 18. juni.
- Fyrste opningsdag etter sommaren er onsdag 20. august.
Bøker som er lånte på filialen kan også leverast inn i Selje eller på Nordfjordeid.
Husk også:
Husk også at Mine sider er alltid ope! Her kan du logge deg inn med lånekortnummer og pin-kode og sjekke status på låna dine eller forlenge lånetida di! Ta kontakt med oss dersom du manglar lånekortnummer eller pin-kode, så hjelper vi deg vidare.
Og du – skulle du få purringar i sommar på ei bok du veit du har levert, så ikkje få panikk! Send oss ein e-post, så ordnar vi det for deg når vi er tilbake på jobb:
- biblioteket.eid@stad.kommune.no
- biblioteket.selje@stad.kommune.no
