Endeleg er sommarens kulaste lesekampanje i gang! Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar over heile landet vere med på Noregs kulaste lesekampanje. Målet med kampanjen er å motivere borna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn! Berre i Stad kommune var det over 300 elevar som deltok, og samla las dei 385 000 sider fordelt på nesten 4 000 bøker!
Sommarles gjer det gøy å lese!
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Borna lagar seg ein profil med eit brukarnamn og eit passord, og legg inn kva klassetrinn du startar på til hausten.
- Borna registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Inne på sommerles.no får borna også tilgang til årets sommarles-forteljing «Gåterullmysteria» av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar!
- Når du passerer level 10, 20 og 30 får du beskjed om at du kan kome til biblioteket og hente deg ein liten premie. Dette kan du gjere på alle bibliotek over heile landet!
- Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august. Born som startar i 1. klasse og 8. klasse til hausten kan fremdeles vere med på kampanjen.
- Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.
Treng du lesetips?
Vi på biblioteket er klare for å hjelpe deg med gode lesetips! Vi har laga sommarlesutstillingar der du kan finne bøker sjølv, eller du kan spørje oss om råd! Kanskje klarer vi å finne deg ei ny favorittbok?
