Velkomen til Sommarles-fest!

Vi inviterer alle som har vore med på Sommarles 2025 til kjekke festar for å feire lesegleda og gjere stas på dei ivrige lesarane som verkeleg har stått på denne sommaren! I Stad kommune har 361 born delteke i Sommarles, og til saman har dei lest 404 607 sider fordelt på 4 624 bøker! Det er ny rekord for Stad!

Dette må vi feire, vi inviterer difor til sommarles-festar:

  • Laurdag 6. september kl. 12.00–13.30 på biblioteket på Nordfjordeid.
  • Laurdag 13. september kl. 12.00–13.30 på biblioteket i Selje!

Det blir

  • konkurransar med fine premiar
  • litteratursti
  • utdeling av diplom som viser kor mykje du har lese
  • lett servering med frukt og saft

Kanskje har du nokre sommarles-premiar du ikkje har rukke å hente endå, eller kanskje treng du å låne deg fleire bøker? Ta med deg familien og kom – vi gler oss til å feire lesegleda saman med dykk! Og du – det er same kva fest du møter opp på, kom den dagen det passar deg best!

Trykk gjerne SKAL på det Facebook- arrangementet du har lyst å delta på: Sommarles-fest i Selje | Sommarles-fest på Nordfjordeid