Ommøblering og endringar på bibliotek Nordfjordeid

I oktober månad startar vi å gjere endringar på hovudbibliotek Nordfjordeid. Biblioteket fekk i 2023 arenautviklingsmidlar frå Bibliotekutvikling Vestland til ommøblering og tilrettelegging av det fysiske biblioteksrommet, og no har arbeidet starta. Målet er å ha eit betre tilrettelagt bibliotek for lånarane våre når prosessen er ferdig.

I tillegg blir biblioteket og Eid Frivilligsentral samlokaliserte frå 01.01.2026, og i samband med arenautviklingane gjer vi dei naudsynte endringane som trengst for at frivilligsentralen skal få dekka sine behov for lokale også.

Biblioteket vil prøve å halde ope som normalt så langt det let seg gjere, men innimellom lyt vi halde stengt, mellom anna når vi skal utføre arbeid knytt til golvet. Men du vil alltid nå oss på telefon og epost, som vanleg.

På denne sida vil du finne oppdateringar og nyhende knytt til arbeidet. Du finn også oppdateringar på Facebook-sidene våre, på heimesidene til Eid frivilligsentral og på oppslag i biblioteket.

Veke 42:

  • Det skal malast to grupperom/ møterom. Desse romma skal takast i bruk til ny stille lesesal, og nytt møterom som skal brukast både av frivilligsentralen og biblioteket.
  • Vi beklagar eventuell lukt, støy og rot som dette medfører!
  • Lesesalen kan ikkje brukast undervegs i dette arbeidet, men resten av biblioteket held ope som normalt.

Veke 43:

  • Denne veka skal det målast fleire veggar, og det skal gjerast noko snikkararbeid for å inkludere eit toalett i bibliotekslokalet.
  • I tillegg har vi starta så smått på ommøblerings- og ryddeprosessen, så det vil vere noko rot i lokalet. Spør oss om det er noko du ikkje finn, så hjelper vi deg!

Veke 44:

  • Denne veka skal golvet slipast og bonast. Dette skal gjerast i to omgongar, noko som betyr at vi har flytta på alle hyllene våre for å frigjere bakerste del av lokalet for golv-arbeidet. Vi har tilgang på dei fleste bøkene våre, men det er trangt mellom hyllene og vanskeleg å ta seg fram på eiga hand, spør oss difor om hjelp når du leitar etter noko!
  • Denne veka har vi ikkje publikumspc-ar tilgjengeleg, men vi kan printe for deg dersom det er noko du kan sende oss på epost.
  • Det er heller ikkje tilgang til lesesal, møterom eller teikneserierom.
  • Vi beklagar eventuell lukt, støy eller støv arbeidet med golvet medfører!
  • Vi må halde stengt tysdag 28. oktober og laurdag 1. november. Kontakt oss på telefon eller e-post om det er noko du lurer på!
  • Merk at dersom du har fått hentemelding på ei bok du har reservert, så er hentetida på denne utvida til 14 dagar frå dei vanlege 7. Dette gjer at du har litt betre tid å hente boka på, innimellom dei stengde dagane våre.
  • Oppdatering: Laurdag 1. november blir det minibibliotek i foajeen! Sjå informasjon under veke 45.

Veke 45:

  • Vi held fram med behandling av golvet, og denne veka skal golvet like innanfor døra behandlast. Det betyr at frå måndag 3. november tom. tysdag 11. november må biblioteket halde stengt!
  • Dette gjeld også brukarar med meirope-tilgang.
  • Vi held difor ope eit lite minibibliotek i foajeen! Her kan du hente reserverte bøker, fornye låna dine, lese aviser og vekeblad og låne frå eit lite utval av bøker. Minibiblioteket er ope på desse datoane:
    • Laurdag 1. nov 11.00 – 14.00
    • Måndag 3. nov 14.00 – 16.00
    • Torsdag 6. nov 13.00 – 18.30
    • Laurdag 8. nov 11.00 – 14.00
  • Husk at du også kan fornye låna dine på Mine sider, eller levere inn bøkene dine i innleveringskassene våre.

Veke 46:

  • Vi brukar måndag og tysdag til ommøblering og klargjering av biblioteket.
  • Vi håpar å kunne opne att med vanlege opningstider frå og med onsdag 12. november. Merk at arbeidet og ommøbleringa ikkje kjem til å vere ferdig då.

Vi legg ut meir informasjon fortløpande som arbeidsplanane blir lagde.