Jula nærmar seg med stormsteg, og kanskje treng du å fylle på lesestoffhylla før vi går inn i høgtida? Her er juleopningstidene for biblioteka i Stad!
Hovudbibliotek Nordfjordeid
Siste ordinære opningsdag før jul er fredag 19. desember.
Vi har juleope:
– Måndag 22. desember 11.00 – 14.00
– Måndag 29. desember 11.00 – 14.00
Fyrste ordinære opningsdag på nyåret er måndag 5. januar.
Avdeling Selje
Siste ordinære opningsdag før jul er tysdag 23. desember med ordinære opningstider 09.00 – 15.30.
Vi har juleope:
– Måndag 29. desember 10.00 – 14.00
– Tysdag 30. desember 10.00 – 14.00
Fyrste ordinære opningsdag på nyåret er måndag 5. januar.
Filial Stadlandet
Filialen på Stadlandet skule følgjer skuleruta og held stengt i romjula.
Siste opningsdag før jul er onsdag 16. desember, og fyrste opningsdag etter nyttår er onsdag 8. desember.
Nokre tenester er alltid opne!
Husk også at Mine Sider tek ikkje juleferie! Logg deg inn via www.stadbibliotek.no med lånekortnummer og pinkode, så kan du sjå oversikt over låna dine, forlenge lånetida eller sette deg i reservasjon på bøker du ynskjer å låne.
Det er også innleveringskasser utanfor hovudinngangane til biblioteka på Nordfjordeid og i Selje der du kan levere bøker når du ynskjer.
Har du meirope-tilgang på Nordfjordeid kan du nytte denne heile romjula.
