Nye opningstider i Selje frå 2026

Frå 2026 har vi endringar i opningstider og bemanning på avdelinga i Selje. Frå nyttår har vi bibliotekar på jobb desse dagane:

  • Måndagar kl. 09.00–15.30
  • Torsdagar i oddetalsveker kl. 12.00–17.00

Dei dagane vi ikkje er på jobb, kan du framleis bruke biblioteket! Dørene er opne på dagtid, og du er hjarteleg velkomen innom! Du kan til dømes:

  • Låne bøker sjølv på utlånspc-en vår
  • Levere bøker i bokkassene
  • Hente bøker du har reservert
  • Lese aviser eller bruke studieplassane våre
  • Ta ein prat med nokon du kjenner i sofagruppa vår

Dørene er opne:

  • Måndag: kl. 09.00-15.30
  • Tysdag: kl. 09.00–18.30
  • Onsdag: kl. 09.00–15.00
  • Torsdag (i partalsveker): kl. 09.00–15.00
  • Fredag: kl. 09.00–14.00

For å kunne låne ut til deg sjølv treng du lånekortet ditt. Manglar du dette, eller lurer du på korleis utlånspc-en fungerer? Spør oss neste gong du er innom – vi hjelper deg gjerne!