Måndag 16. mars skal alle biblioteka i Nordfjord samlast til fagsamling i Gloppen! Dette betyr at både biblioteket på Nordfjordeid og i Selje kjem til å vere ubemanna denne dagen.
Du kan framleis sjølvbetjene deg på begge biblioteka i dei vanlege opningstidene, du må berre huske å ta med deg lånekortet ditt! Og innleveringskassene våre er som alltid opne.
På biblioteket i Selje vil det bli ein ekstra bemanna dag tysdag 17. mars, til erstatning for måndagen som går ut.
