Påska er ei super lesehøgtid, synes vi! Kanskje blir vêret så fint at du kan ta med boka ut i solveggen? Husk å stikke innom oss og bunkre opp med lesestoff før vi på biblioteket også tek påskeferie!
Her er oversikt over opningstidene våre i samband med påska:
- Nordfjordeid har vanlege opningstider tom. tysdag 31. mars. Så tek vi påskeferie og opnar att tysdag 6. april. Har du meirope-kort kan du bruke biblioteket som du vil heile påska.
- Selje har ope som vanleg måndag 31. mars med bibliotekar på jobb. Tysdag 31. mars kan du sjølvbetjene deg frå 09:00 – 15:00, og onsdag 1. april kan du sjølvbetjene deg frå 09:00 – 12:00. Så tek biblioteket påskeferie og opnar for sjølvbetjening att tysdag 6. april. Husk også at fyrste torsdag etter påske, 9. april, har vi ope frå 12:00 – 17:00.
- Stadlandet filial har stengt onsdag 1. april.
Husk at Mine sider tek ikkje påskeferie, logg inn med lånekortnummer og pinkode og sjå ei oversikt over låna dine, reserver bøker eller forleng lånetida på dei du har. Ynskjer du å levere inn bøker så kan du bruke innleveringskassene våre som står ved hovudinngangane.
Vi ynskjer alle våre lånarar ei god påske!
