Bookbites blir til Biblio

I desse dagar går appen Bookbites over til å bli appen Biblio! Det er altså Biblio som blir appen for gratis lån av lyd- og e-bøker hos biblioteka.

Dei som allereie brukar Bookbites vil få ei sprett-opp-melding i appen som fortel dykk om Biblio. Du må laste ned den nye appen, men du skal logge på med same brukarnamn og passord som du brukte i Bookbites. Då får du med deg historikk, ventelister og dei bøkene du les no.

  • Last ned Biblio-appen frå din app-butikk
  • Opne Biblio-appen.
  • Du skal ikkje lage ny brukar, men logge inn med den e-posten og det passordet som du brukte i Bookbites. Har du gløymt passordet, så bruk funksjonen «Gløymt passord» for å opprette eit nytt.

Dersom du ikkje har brukar i Bookbites frå før, er du hjarteleg velkommen til å laste ned Biblio og opprette brukar der.

Dersom du treng hjelp eller har spørsmål, ta kontakt med biblioteket så hjelper vi deg!