Kva skjer i veke 17, spør du kanskje? VEKE17 er biblioteka si berekraftveke!
VEKE17 er ei landsdekkande temaveke rundt FN sitt 17. bærekraftsmål, der biblioteka er base for aktivitetar som fremjar berekraftsmåla, i den 17. veka i året. FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for all samfunns- og arealutvikling i dei komande åra, og biblioteka er ein viktig aktør for å nå desse måla.
VEKE17 er eit prosjekt som har opphavet sitt frå Danmark, og veka er valgt fordi det 17. målet handlar nettopp om samarbeid om å nå måla. Hensikta er å skape ei større forståing for berekraftsmåla og at dette er noko som alle kan engasjere seg i. I VEKE17 viser bibliotek over heile landet kva dei gjer for å bidra til at vi når desse måla.
Bærekraft ligger i biblioteket sitt DNA. Biblioteka er verdas eldste delingskultur, og ein institusjon som skaper miljømessige og sosiale verdiar. Nokre eksempel på korleis biblioteka er med på å nå måla ser du døme på her:

Berekraft handler ikkje berre om klima og miljø, sosial berekraft er også viktig! Biblioteka kan fungere som bindeledd mellom befolkninga og berekraftsmåla. Biblioteka gjev alle tilgang til kunnskap og moglegheit for å lære, heile livet gjennom. Det å ha tilgang til sosiale møtestadar er viktig for god helse og livskvalitet. Og kva skjer når vi er saman, gjerne på tvers av alder og samfunnsgrupper, byter kle, dyrker planter, deltek på kurs, får leksehjelp, les saman? Vi blir mindre einsame, vi blir klokare, får betre livskvalitet og kan få betre helse med på kjøpet. Heilt gratis, og for alle!
Velkomen til kjekke arrangement!
Vi inviterer til ei rekkje kjekke aktivitetar og spennande arrangement i veke 17!
Onsdag 22. april
Biblioteket i Selje: BUA har ope frå 09:00 – 14:00
Biblioteket på Nordfjordeid
Foredrag kl. 19:00: Gode dyrkingsråd med Johannes Nome
Gratis, men krev gratisbillett
