Vil du bli kollegaen vår?

Stillinga som barne- og ungdomsbibliotekar i Stad kommune blir ledig frå 1. august! Vil du bli kollegaen vår? Stillinga som tidlegare var lyst ut som 70% stilling er no 100 % og inkluderer arbeid med skulebibliotek, jamfør midlane Stad kommune har fått til dette frå UDIR. Søknadsfristen er 9. august, og utlysinga finn du her! Merk at søknaden må sendast inn via dette elektroniske søknadsskjemaet. Utlysinga finn du også på Stad kommune si side for ledige stillingar.

Arbeidsoppgåver

Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.

  • Du inngår i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling
  • Du har eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket
  • Du vil ha ein sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren
  • Du besøkjer skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg
  • Du jobbar for å skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar
  • Du bidreg til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass
  • Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
  • Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov

Kvalifikasjonar

Utdanning:

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, språk og pedagogikk

Erfaring og kunnskap:

  • God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur
  • Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
  • Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel
  • Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel
  • Du må ha gode IT-kunnskapar
  • Du må ha førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv og raus lagspelar
  • Du er utadvendt og serviceinnstilt 
  • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
  • Du er utviklingsorientert og endringsvillig

    Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit bibliotek i utvikling
  • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule
  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.