Det nærmar seg sommar, sol og ferie – og forhåpentlegvis masse god tid til å lese! Pass på å stikke innom oss og låne deg ein heil bunke med kjekk sommarlektyre!
Biblioteket på Nordfjordeid har ordinære opningstider fram til fredag 20. juni, så innfører vi sommaropningstider som varer fram til skulestart.
Merk at vi held heilt stengt i veke 28 og 29!
I periodane 23. juni – 2. juli og 20. juli – 13. august er vi på jobb:
- Tysdagar 10:00 – 15:00
- Onsdagar 10:00 – 15:00
- Torsdagar 12:00 – 17:00
Sjølvbetjening
Denne sommaren vil du også finne ulike sommaraktivitetar som møteplass for ungdom og SommarBUA her på biblioteket, i regi av Eid frivilligsentral! Dørene våre vil difor vere opne utover den tida vi har bibliotekar på jobb. Tek du med deg lånekortet ditt kan du sjølvbetjene deg på utlånsautomaten sjølv om vi ikkje er tilstades.
Husk også at du alltid kan sjekke låna dine på Mine sider inne på www.stadbibliotek.no. Logg inn med lånekortnummer og PIN-kode og få oversikt, sett deg på venteliste eller forleng dei låna du har.
Du kan også levere inn bøker i innleveringskassa vår som du finn ved hovudinngangen.
Meirope-tilgang
Har du meirope-kort kan du bruke biblioteket kvar dag heile sommaren, slik du ynskjer.
Har du ikkje meirope-kort endå? Har du meirope-kort, kan du låse deg inn på biblioteket etter stengetid og sjølvbetjene deg på utlånsautomaten vår, lese aviser eller bruke pc-ane våre. Kanskje no er tidspunktet å teikne meirope-avtale? Les meir her eller stikk innom oss for info!
