Sommaropningstider Selje 2026

Det nærmar seg sommar, sol og ferie – og forhåpentlegvis masse god tid til å lese! Pass på å stikke innom oss og låne deg ein heil bunke med kjekk sommarlektyre!

Biblioteket i Selje har vanlege opningstider til og med veke 27. Måndag 29. juni og torsdag 2. juli 12:00 – 17:00 er siste ordinære opningsdagar før sommaren.

Så har bibliotekaren sommarferie, og biblioteket held sommarstengt i vekene 28-31. Vi er tilbake på jobb måndag 3. august.

Sjølvbetjening på biblioteket

I dei vekene biblioteket har sommarferie, inviterer Selje frivilligsentral til kjekke sommar-aktivitetar i 1. etasjen. Når dørene er opne er du hjarteleg velkomen til å sjølvbetjene deg på biblioteket! Ta med deg lånekortet ditt og lån ut til deg sjølv på utlåns-pc’en, eller lever inn bøker du er ferdig med.

Opningstidene til Frivilligsentralen er:

  • Måndag, onsdag og fredag: 11:00 – 17:00
  • Tysdag og torsdag: 14:00 – 20:00

Sommarles-premiar

Er du med på Sommarles og skal hente premiar?

  • Fram til 2. juli hentar du premiar på biblioteket når vi er på jobb. Vi er der alle måndagar, pluss torsdagane i oddetalsveker.
  • I dei vekene biblioteket held sommarstengt (veke 28-31) kan du hente premiane dine i Selje prestegard! Dei har ope kvar dag 10:00 – 17:00 gjennom heile sommaren.
  • Frå måndag 3. august er premiane tilbake på biblioteket, og du kan hente dei når vi er på jobb på måndagane.
  • Husk at du også kan hente ut premiar på andre bibliotek over heile landet dersom du er på tur!