Opningstider hausten 2026

Velkomen tilbake til skulekvardag, jobbkvardag, haustmånadar og justerte opningstider! Vi gler oss til å sjå deg, her finn du informasjon om opningstidene våre som gjeld frå 17. august.

Nordfjordeid

Bibliotekarane er på jobb:

  • Måndag 11:00 – 16:00
  • Tysdag 11:00 – 16:00
  • Onsdag 11:00 – 16:00
  • Torsdag 11:00 – 18:30
  • Fredag 11:00 – 16:00
  • Laurdag 11:00 – 14:00

På kvardagane er dørene opne frå 08:30. Då er du hjarteleg velkomen til å bruke biblioteket på eiga hand! Du kan lese aviser, jobbe, studere, låne publikumspc-ane eller sjølvbetjene deg på utlånsautomaten vår! Berre husk å ta med deg lånekortet ditt slik at du får registrert låna dine før du går.

Selje

Bibliotekaren er på jobb måndagar 09:00 – 15:30.

Resten av veka er biblioteket ope for sjølvbetjening, og du er hjarteleg velkomen innom til å lese aviser, jobbe, studere, låne publikumspc-ane eller sjølvbetjene deg på utlånspc-en vår! Berre husk å ta med deg lånekortet ditt slik at du får registrert låna dine før du går.

Du kan sjølvbetjene deg på desse tidspunkta:

  • Tysdag 09:00 – 18:30
  • Onsdag 09:00 – 15:00
  • Torsdag 09:00 – 15:00
  • Fredag 09:00 – 14:00

Denne hausten er vi ein bibliotekar i manko, då barne- og ungdomsbibliotekaren vår har sagt opp. Opningstida på torsdagar i oddetalsveker er difor sett på vent fram til ny bibliotekar er på plass.

Husk også…

… at du alltid kan levere bøker i innleveringskassene våre som står ved hovudinngangane.

… at du kan logge inn på Mine Sider for å sjekke statusen på låna dine, forlenge lånetida eller reservere bøker. Innlogginga til Mine Sider finn du øverst til høgre på heimesidene våre, eller under Meny-knappen. Bruk lånekortnummer og pinkode til å logge inn.

… at du når oss på telefon eller e-post dersom det er noko du lurer på! Kontaktinfoen finn du her!