Beredskapshagen
Velkomen til foredrag om beredskapshagen – slik får du mat ut av plenen.
Vi gler oss over å ynskje velkomne føredragshaldar Anders Nordrum, som saman med kona Barbro har grunnlagt bloggen og føretaket Datsja. Ein datsja er eit landsted der dei fleste austeuropeiske familiar dyrka og henta vesentlege delar av maten sin gjennom sovjettida. Innbyggjarane var i stor grad prisgjevne sine eigne evner til å skaffe mat på bordet og vart dyktige dyrkarar med kunnskap som også vi kan få bruk for ved ei eventuell krise. Det er denne kulturen og erfaringsbakgrunnen som viser veg i det ekteparet formidlar.
Barbro og Anders har vore gifte i 42 år, har 4 barn og 5 barnebarn. Anders er gartnar og pedagog og har til saman 22 år bak seg som praksislærar og gartnerfaglærar ved Gjennestad videregående (tidligere gartnerskole) i Vestfold, men han har også 15 år som verksbetjent i kriminalomsorga, med gartnarfag som verkty. Barbro er oppvaksen på gard, er barnehagelærar, husmor og ein aktiv kjøkenhagedyrkar.
Datsja AS såg dagens lys i 2015, sidan har Barbro og Anders drive kunnskapsformidling både gjennom blogg, kurs og foredrag. I samarbeid med NORGRO har dei i fleire år oppformert og spreidd virusfri sjalottløk og tørråtesterk potet, pluss beredskapspakkar med frø for langtidslagring i fryseboks. I 2021 blei boka «Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen» skriven i samarbeid med dottera Maria, som førte boka i pennen. Boka er trykt i 15 000 eksemplar, og er seinare gjeven ut på nytt med eit eige kapittel om dyrking i fjellområde og i Nord-Norge.
Foredraget gjev ei enkel innføring i eigen og andre sine erfaringar og kunnskapar om dyrking og lagring av ulike grønnsakslag, og der også gamal kunnskap har ein plass. Det vil også handle ein god del om jord og jordeliv, og korleis du kan få god og fruktbar jord med hjelp av lokale og minimale resurssar, med sikte på auka lokal matberedskap i krisetid.
Foredraget er gratis, og du treng ikkje billett.
Varigheit: om lag 2 timar.
Pause med enkel servering.
Vi blir glade om du trykkjer SKAL på Facebook-arrangementet vårt.
Arrangementet er i samarbeid med Eid hagelag.
Foto: Øystein Klausen
