Bilde av forfatter Anders Totland. Han sitter framoverlent og smiler til kamera. Han har skjegg, rød t-skjorte og sort bukse.

Blodig førjulskos med forfattar Anders Totland

Dato

Tid

Stad

Nordfjordeid

Bestselgar Anders Totland kjem til hovudbiblioteket på Nordfjordeid 30. november!

Hans siste roman «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene, og det utan ein einaste bokmelding i pressa. «Ein tøysetrillar», kallar forfattaren boka.

«Til jord skal du bli» er ei julehistorie utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangstarar, forsømte barn, drap, blod og gørr.
Den pensjonerte presten Jacob Juul får litt for mykje i hendene denne førjulstida. På få dagar går han frå å vere pensjonert prest til å bli bestefar og drapsmann. Korleis skal han redda seg sjølv og vesle Isabelle Donnatina frå gangstarane og kva i all verda skal han gjere med den daude torpedoen i vedskjulet?

Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter, gir «Til jord skal du bli ein seksar», og skriv:
“Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil ikkje angre.”
Anders Totland har på sju år gitt ut ein drøss med bøker i mange sjangre og for alle aldre. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysetrillar».

Gratis inngang.