«Der ingen var einsam» – foredrag med Arill Riise

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Måndag 31. mars kl. 19.00 får vi besøk av journalist og TV-profilen Arill Riise.

Då Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill. Hausten 2024 gav Arill ut boka «Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta» der han skildrar kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Boka har lege høgt på utlånslistene både hos Stad bibliotek men også i resten av landet.

Foredraget er i operasalen og kostar kr. 75,-  Billettar kjøper du på heimesidene til Operahuset Nordfjord eller i skranken på biblioteket.

 

Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.

Portrettfoto: Espen Solli