FAMILIElaurdag med gratis konsert 28. november

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Velkomen til ny FAMILIElaurdag i Operahuset Nordfjord!

Laurdag 28. november inviterer vi igjen til ein kjekk dag med ulike aktivitetar her på huset!

Denne dagen blir det:

 – Ope bibliotek 11.00 – 14.00
 – Gratis konsert kl. 12:30: Musikkskogen
 – Gratis vafler, saft og kaffi frå Eid Røde Kors omsorg og Eid frivilligsentral!
 – Det blir som vanleg konkurransar frå Stad kino der du kan vinne fine kioskpremar!

Gratis konsert kl. 12:30 – «Musikkskogen» med Trio no Treble

Trio no Treble består av Ivan Penjin på bratsj, Eivind Rossbach Heier på cello og Jostein Bolås Brødreskift på kontrabass. Trioen har spelt saman sidan 2017, og er kjende for si leikne tilnærming til klassisk musikk, folkemusikk og spreke tolkingar av ny popmusikk, og spelar musikk i alle sjangrar og til alle anledningar.

Til FAMILIElaurdagen vår kjem den med konsertframsyninga «Musikkskogen» – eit magisk eventyr der musikken viser veg! Saman med Trio no Treble blir publikum invitert med på ei reise gjennom ein forunderleg skog der vi møter spennande dyr som snakkar gjennom ulike typar musikk. Borna får vere med å forme det som skal skje, gjennom lydar, forslag og val som påverkar musikker. Kanskje får nokon også prøve instrument saman med musikarane og oppleve korleis det er å skape musikk sjølv?

Musikkskogen er ei leiken og inkluderande konsertframsyning med levande kammermusikk, der fantasi, nysgjerrigheit og medverknad står i sentrum, og der publikum er ein del av eventyret.

Familielaurdagane er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord, Stad kino, Eid frivilligsentral og Stad kommune.