FAMILIElaurdag med forfattarbesøk 31. oktober

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Velkomen til ny FAMILIElaurdag i Operahuset Nordfjord!

Laurdag 31. oktober inviterer vi igjen til ein kjekk dag med ulike aktivitetar her på huset!

Denne dagen blir det:

 – Ope bibliotek 11.00 – 14.00
 – Litteraturstund kl. 11.30
 – Gratis vafler, saft og kaffi frå Eid Røde Kors omsorg og Eid frivilligsentral!
 – Det blir som vanleg konkurransar frå Stad kino der du kan vinne fine kioskpremar!

 

Litteraturstund kl. 11.30: «Gløymeboka» med Solveig Mork Holmøyvik

Denne dagen får vi besøk av barnebok-forfattar Solveig Mork Holmøyvik, som 30. oktober gjev ut ny barnebok som heiter «Gløymeboka»!

Kva skjer eigentleg med minna våre? Kvifor hugsar vi nokre ting, medan andre blir gløymde? Og er det kanskje like viktig å gløyme som å hugse? Bli med når forfattar Solveig Mork Holmøyvik besøkjer biblioteket og fortel om barneboka Gløymeboka. Gjennom ei spennande reise inn i hjernen får vi lære meir om korleis hukommelsen fungerer, kva sansane våre har å seie for det vi hugsar, og kva som skjer når vi gløymer. Dette passar for alle born (og vaksne!) som er nysgjerrige på kroppen, hjernen og dei mange mysteriane som finst der inne. Velkomen til ei lærerik og morosam stund under familielaurdagen!

Solveig Mork Holmøyvik (f. 1986) er forfattar, redaktør og språkvitar. Ho kjem frå Holmøyane i Stad kommune, men bur no i Sogn. Holmøyvik har tidlegare gitt ut sakprosaboka «Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet» (Res Publica, 2024). Gløymeboka er hennar første barnebok.

Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!

Familielaurdagane er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord, Stad kino og Eid frivilligsentral.