
FAMILIElaurdag med «Flaskepost fra havet» kl. 12 og kl. 14
Velkomen til ny FAMILIElaurdag i Operahuset Nordfjord!
Laurdag 22. mars inviterer vi igjen til:
– Ope bibliotek 11.00 – 14.00
– Open kinokiosk 11.00 – 14.00
– Kjekke aktivitetar, teiknebord, spelebord osv.
– Gratis kaffi til dei vaksne
– Flaskepost frå havet – foredrag med Thomas Lien.
Gratis, men med billettbestilling!
Foredrag kl. 12:00 – Ekstra!
Foredrag kl. 14:00 – Fullt!
Denne laurdagen får vi besøk av Thomas Lien som er pappaen i NRK Super-serien «Flaskepost fra havet». Både vaksne og born sit fengsla framfor skjermen når serien sendast på NRK Super. Historien om familien Lien sine reiser skapar engasjement og gode samtalar om den globale klimasituasjonen og kva vi kan gjere sjølve. Reiseskildringane er flotte og teiknar ein kvardag om eit alternativt liv, samhald og utfordringar.
Vi får høyre Thomas fortelje om familien, om reisene deira og kva vi alle kan gjere for å minske vår eiga klimapåverkninga, og vi får sjå både bilder og klipp frå serien.
Foredraget passar for born og familiar og er gratis, men du må bestille deg ein gratisbillett. Foredraget kl. 14.00 er fullt, men det er ledige billettar til ekstraforedraget kl. 12.00. Bruk lenka for å kome til billettbestillinga.
Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord, Stad kino og Folkeakademiet Sogn og Fjordane.