
Foredrag med Dennis Asbjørnsen
Det er no lagt ut ekstra billettar til foredraget med Dennis! Hent deg ut gratisbillettar i linken nede i teksten!
Velkomen til inspirasjonsforedrag om dyrking i kjøkenhage med forfattar og influensar Dennis Asbjørnsen!
Denne kvelden fortel Dennis om sin eigen kjøkkenhage og metodar for enkel dyrking av eigen mat. Du får mellom anna høyre om hans eigen dyrke-historie, kva han gjer i sin eigen hage, metodar og tips for å dyrke enkelt, billig og bærekraftig og korleis ein kan utnytte vekseplassen effektivt.
Dennis Asbjørnsen er den moderne byguten som har blitt ein spennande greenfluencer, forfattar, foredragshaldar og ein av landets største påverkarar innan hagebruk gjennom Instagram-profilen spiselighage. Utgangspunktet for Dennis var rett og slett eit ynskje om å lage ein liten kjøkkenhage basert på prinsippa om å dyrke enkelt, billeg og bærekraftig. Erfaringane og gleda ved å dyrke deler han gjennom Noregs største kjøkenhagekonto på Instagram. Trass sin unge alder har han i fleire år vore artikkelleverandør til Sunnhetsbladet og Hagetidend og han har gjeve ut to bestselgande bøker.
Foredraget er gratis, men med billettbestilling! Billettar finn du på denne linken.
Følg gjerne Facebook-arrangementet vårt!
Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord og Folkeakademiet Sogn og Fjordane.