Forfattarbesøk på biblioteket i Selje
Velkomen til forfattarbesøk på biblioteket i Selje onsdag 26. november kl. 15.00! Denne dagen presenterer vi lokale forfattarar og litteraturen deira.
Vår lokale forfattar Anfinn Kolerud frå Flatraket kjem på besøk og vil både lese og fortelje om bøkene sine. Kolerud har gjeve ut fleire barne-og ungdomsbøker i tillegg til bøker for vaksne, og har også motteke ei rekkje prisar for bøkene sine, deriblant Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok.
Barne-og ungdomsforfattarane Borgny Dam- Nielsen, Line Dybedal og Gry Hammer frå Selje vil også bli presenterte på arrangementet, men har ikkje sjølve høve til å vere til stades.
Unge og gamle er hjarteleg velkomne til eit lokalt litteraturtreff på biblioteket denne dagen, eit perfekt aktivitet for besteforeldre og barnebarn! Kanskje får du pgså inspirasjon til årets julegåver?
Arrangør: Selje sanitetsforening i samarbeid med Stad bibliotek avd. Selje
