Forfattar Marthe Holien Bø og omslagsbilde av "Ni løgner og jakta på eit smil". Foto.

“Ni løgner og jakta på eit smil” – forfattartreff med Marthe Holien Bø

Dato

Tid

Stad

Biblioteket i Selje

Laurdag 30. november kl. 13:00 blir det lesestund med forfattar Marthe Holien Bø på biblioteket i Selje!

I boka “Ni løgner og jakta på eit smil” møter vi Klara og mamma, som er på garden til bestemor. Men ting er ikkje som dei har vore før, no når bestemor ikkje er her lenger. Mamma ligg berre på sofaen og grin. Men utanfor er sommaren lys og varm og grøn, og Klara vil jo eigentleg berre vere ute og leike! Ein dag møter ho ein gut nede på kaien, Pelle. Dei blir raskt vener, og Pelle påstår at han kan hjelpe Klara med å få mora glad igjen. Han har ein genial plan, seier han. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill? Kvifor klarer ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er?

Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga. (Bokomtale frå Samlaget)

Denne dagen får du møte forfattaren, ho vil lese frå og fortelje om boka si, og det blir også ei løgn-løype på biblioteket! Det blir også moglegheit for å kjøpe signerte bøker.

Marthe Holien Bø bur på gard i Stryn og er utdanna medievitar og yogaterapeut. I 2018 gav ho ut boka “Kyss hverdagen- tilstedeværelse i praksis”. Boka fekk gode salstal og omtale, og no er ho klar med si første barnebok.

Følg gjerne Facebook-arrangementet vårt!

Foto: Sara Sanderud