FredagsForfattar: Kjell Askeland
Hausten er her, og i samarbeid startar Stad bibliotek og Eid frivilligsentral oppatt den populære foredragsserien FredagsForfattar!
Fyrste arrangement er fredag 4. september kl. 13:00, og dagens forfattar er Kjell Askeland frå Davik. Askeland har skrive dei populære bøkene «Folk før», som samlar og dokumenterer historiar og levd liv frå vanlege innbyggjarar, hovudsakleg frå Nordfjord. Denne dagen vil Askeland fortelje om bøkene sine og presentere nokre av dei mange gripande historiane. Det vil bli høve å stille spørsmål i etterkant av foredraget, og det vil også bli mogleg å kjøpe bøkene.
Gratis for alle.
Foredraget er eit samarbeid medllom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og Den kulturelle spaserstokken i Stad kommune.
