FredagsForfattar: Margaret Heldor
Velkomen til ny FredagsForfattar og velkomen til Margaret Heldor, busett i Stryn.
Margaret Heldor (f. 1951) har nyleg gjeve ut boka «JEG VIL IKKE SLUTTE Å TENKE – En beretning om å være ungdom og bli voksen under andre verdenskrig». Boka er basert på dagbøker, brev og unikt kjeldemateriale frå andre verdskrigen. Då mor til forfattaren, Lill-Margareth Hummel Erichsen, gjekk bort, etterlet ho seg seks dagbøker og ei oppmoding om at innhaldet kunne vere viktig for ettertida. Saman med brevvekslinga med venen Gustav, som sat i fangenskap i konsentrasjonsleiren Buchenwald under krigen, danna dette grunnlaget for ei heilt spesiell forteljing. Lill var 17 år då krigen starta og boka er eit unikt vitnesbyrd om ei ung kvinne og hennar formande år. Boka passar for unge vaksne og andre som er interesserte i fredsarbeid og kva vi kan lære av ein krig.
«Original og vellykka disposisjon av stoffet. Dette er ei autentisk skattekiste – særleg dagbøkene frå krigsåra. Ikkje rart det vart podkast av dette.» Asle Sveen, historikar og forfattar.
Forfattaren er pensjonert lærar og yogalærar. Ho kjem opphavleg frå Oslo og har budd i Stryn sidan 2023. Undervegs blir du òg invitert til ein allsong og ein strekk.
Gratis for alle, enkel servering. Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!
FredagsForfattar er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Eid frivilligsentral.
