FredagsForfattar: Marita Sundet Solheim

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Velkomen til ny FredagsForfattar, denne gongen med poesi i fokus!

Marita Sundet Solheim (f. 1989) er poet, låtskrivar, musikar og grafisk designer. Ho kjem opphaveleg frå Ørlandet, men har budd i Nordfjord sidan 2005. Skriving har vore ein del av livet hennar i over tjue år, og i sommar gav ho ut si fyrste diktsamling, «Svart Blekk».

I denne FredagsForfattar-timen vil Marita fortelje om seg sjølv og forfattarskapet sitt, og lese frå diktsamlinga. Kanskje får du også nokre tonar med som følgje til denne litterære stunda.

Gratis for alle, enkel servering. Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!

FredagsForfattar er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Eid frivilligsentral.