Halvor Folgerø: Ferjefolket

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Foredraget med Halvor Folgerø er no fullt! Vil du stå på venteliste? Send oss ein epost på biblioteket.eid@stad.kommune.no eller ring oss på 918 58 980 i opningstidene våre!

Har du billettar du veit du ikkje får brukt? Ta kontakt med oss så vi kan gje dei til nokon på ventelista!

OMTALE:

Opplev Halvor Folgerø fortelje dei beste historiene og vise dei finaste bileta frå si nye bok! Måndag 25. november kjem han til Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar.

I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022). Lesarar over heile landet har blitt begeistra over Halvor sine engasjerande foredrag. Han er kjent for å vera ein formidlar i særklasse.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.

Arrangementet er gratis, men med billettbestilling! Billettar bestiller du her eller i skranken på biblioteket på Nordfjordeid. Avgrensa antal plassar.

Følg gjerne Facebook-arrangementet vårt for fleire oppdateringar!